
Rossvoll sikra 2 nye edle medaljer i andre del av junior NM i sandvolleyball i
Kristiansand.
Sunniva Helland-Hansen og makker Live Lunde Fossdal (Oslo) tok ein solid gullmedalje
i U21 klassen. Resultatet vart 2 – 0 (21-17 og 21-12). Same duo var og med i Norges
Tour for seniorar som vart arrangert samstundes. Der kom dei på 2. plass.
Veslebror Johannes Helland-Hansen med makker Ivar Andersland (Stord/Rossvoll) fekk
sølv etter å ha kjempa seg også til finale i U17 klassen etter siger i puljespel og
sluttspelet. Førehandsfavorittane frå Kristiansand vann, men gutane frå vest beit
godt frå seg og settsifra vart til slutt 15-21 og 21-23 med 0-2 i tap. I klassen var
27 lag med.
I U21 klassen var også Rossvoll spelar Anja Solberg og makker Rebekka Hestad
Eikeland (Strand-Ulv) med. Dei tok ein fin 7. plass av totalt 16 lag.
Monika Femsteinevik Stakseng og Elisabeth Aasprang fekk også ein god 11. plass i U17
klassen. Her var heile 49 lag med å tevla.
Det vart spelt mange gode og jamne kampar der marginane ofte kan vere små på om det
vert siger eller tap.
Bilde: Live Lunde Fossdal (t.h.) og Sunniva Helland-Hansen (t.v.)